Kristian er utdanna teknisk teiknar ved Herøy Vgs (1976), og var tidlegare teknikar og bygningsprosjekterande i Mathias Aasen AS. Då dette vart avvikla starta Roald Sporstøl opp Sporstøl Arkitektfirma og Kristian har vore med frå starten i 1991.
Arbeidsområda hans er prosjektleiing, byggesøknadar og oppfølging på byggeplass. Han har lang erfaring med arkikteturprosjektering og å utvikle prosjekt.
Kristian er ein av eigarane av Sporstøl Arkitekter, er med i styret og leiargruppa.